Vi har no utvikla ei ny heimeside for å gjere det lettare for deg å finne relevant informasjon. Om du er bedriftskunde, studiokunde eller ynskjer å utdanne deg til pilatesinstruktør, håpar vi du finn informasjonen du leitar etter under tilhøyrande menypunkt. Om ikkje kan du benytte kontaktskjemaet, så svarar vi deg så snart som råd.
Ut over våren vil vi legge ut treningstips på nettsida, mellom anna i form av artiklar og treningsvideoar. Vi kjem til å legge ut nyhende, treningstips og praktisk informasjon både på nettsida og på sosiale medier som Facebook og Twitter. Klikk på ikona oppe til høgre om du ynskjer å følgje oss i desse mediene. Ein annan moglegheit er å abonnere på RSS-feeds, slik at du får informasjonen direkte. Dette er ei gratis tjeneste som du kan abonnere på gjennom til dømes Google-reader.
Etterkvart vil vi også legge til ein timeplan med moglegheiter for online booking. På den måten kan du reservere studiotimar som du ynskjer å delta på. Bookingkalenderen vil innehalde generell informasjon om dei ulike timane, i tilegg til kor mange ledige plassar det er.
Vi håpar at du vil vere fornøgd med den nye heimesida. Om du ynskjer å tipse familie, vennar eller kollegar om interessante artiklar, kan du klikke på eit av delingsalternativa som du finn du under kvar artikkel. Vi sett stor pris på alle tilbakemeldingar! Ta gjerne kontakt om du har tips til korleis vi kan gjere heimesida endå betre for deg!