Er du ho Pilates Dama? Ja er svaret mitt då. Eg er av det nerdete slaget som trivest som plommen i egget på jobb. Å få jobbe konstruktivt med folk kvar einaste dag er ein luxus. Ellers kallast eg Leela og er utdanna pilatesinstruktør frå Body Control Pilates (BCP) i London. Underviser både på Matte og Apparat her på Sandane og har gleda av å utdanne BCP instruktørar her i Norge. Så eg hjelper deg gjerne med betre helse og ein fastare og sterkare kropp, eller til ei ny yrkeskariere med å undervise Pilates.